Kramsnø og fin temp
Den niande dagen i det nye året byr på kramsnø og to plussgrader.
Først av alt: Takk til alle gjester for ei strålande helg her hjå oss! Blide fjes frå tidleg til seint både laurdag og søndag. Då er det sanneleg kjekt å vera på arbeid her i skisenteret.
Denne veka kan me by på 51 timar med opne heisar. 10-16 alle dagar, og kveldsope 17-20 tysdag, torsdag og fredag. Alpingruppa og langrennsgruppa i SIL har treningar tysdag og torsdag, og tysdag 10. januar går første runde i skicupen til SIL langrenn.
Lysløypa (5-kilometeren) er nypreppa til klokka 17 kvar midtvekedag. I helgane preppar me 10-kilometeren til klokka 10 om morgonen. Fjelløypene er ferdig preparert til om lag klokka 11 laurdag og søndag.
Vêrutsiktene denne veka er ein mild start med eit par varmegrader måndag, men så skal det krypa litt nedover med yr-lovnader om snøpåfyll frå tysdag og utover veka.
Tusen takk til deg som har vippsa pengar til preparering av løyper for langrenn og fjellturar så langt denne sesongen! Det kostar å køyra tung og svær preppemaskin, og bidraga til vipps-kontoen vår er heilt avgjerande for å halda oppe aktiviteten i så måte.
Diverre får me ikkje offentleg tilskot til prepping av fjell- og langrennsløyper, slik me fekk i gamle dagar. Så ein gong til: Tusen takk til deg som vippsar! Vipps til: 85540