Mildvære før kulda kjem att
Null på gradestokken i Rindabotn og 5 centimeter ny kramsnø, 1,5 minus på toppen og 10 cm med lettare snø. Kl 10:30 har det gått over til regn, då er det best å kjøre i nypreppa løyper, med nypreppa ski. Nypreppa ski kan me helpe deg med i Intersportbutikken i Dalalåven. Skiheisane i Rindabotn er opne frå 10-16, det same er Dalalåven. 5-kilometeren i langrenn vert preppa i god tid før klokka 17.
Tusen takk for ein strålande dag og kveld i går! Både alpin- og langrennsgruppa i SIL har eit imponerande trenings- og aktivitetstilbod. I går kveld var det eit yrande hjå oss, med både trening og konkurranse. Sjekk ut tilbodet deira og meld deg eller dine på!
Tusen takk også til deg som vippsar! Det er ufatteleg inspirerande å sjå at så mange av dykk set pris på jobben me gjer med preparering av fjell- og langrennsløyper. Skal me få noko som liknar økonomisk berekraft i denne delen av drifta vår, er me heilt avhengige av at du og andre brukarar av fjell- og langrennsløypene er med og spleisar. Tusen takk! Vipps til: 85540