Fjell- og turløypar

Frå Parkeringsplassen i Rindabotn startar tureventyret ditt. Her kan du kome deg høgt til fjells. Vi preparerar løype til Høgehaug kvar helg (ferdig ca. kl 12), litt avhengig av veret. Løypa til Fjærlandsete blir annonsert på Facebook.

Du kan sjekke når me har køyrt opp fjell- og turløypene på skisporet.no

Høgehaug, Faggregje, Fjærlanssete eller Sumhaug?

Langt der framme, høgt der oppe, der ligg Høgehaug. “E6” er ei populær turløype som tek deg ut i den magiske vinterverda.

Etter ein halvannan kilometer der tussar, troll og gjerne nokre fjellryper snik på deg frå gøymeplassen sin bak ei krokut fjellbjørk, kjem ein opp i snaufjellet.

I slak motbakke, over flate snøkledde myrdrag, når ein tregrensa ved Ryssete. Her kan ein velja om ein vil gå over Haugane eller opp Stilledalen til Høgehaug.

Eller kanskje véret er godt og sikta klår, du har betre tid, samt trakkemaskina har preparert løypa opp mot Kollsetevatnet vidare bort Faggregje, Fjærlanssete og Sumhaug?

Den ultimate fjellskituren i “trikkeskinner”, det er då det er verdt å leva. Sidan Kittelsen ikkje har måla dette landskapet må du oppsøke det sjølv, du vil ikkje angre. Me kallar det magi.

“E6” kallar dei den. Den mest brukte turløypa vår. Den som strekkjer seg opp til Høgehaug.

Litt over fire kilometer kvar veg, er det ei akseptabel turløype som høver dei fleste.  

Sogndølene går denne ruta ofte etter arbeid når det lir fram på vinter og vår. Andre nyttar hovudlykt og går endå seinare. “Maonaskinstur” skal ein heller ikkje kimse av. Lett opp og lett ned, Høgehaug ventar på deg.

Ved utsiktspunktet på Høgehaug (980 moh) kan du gjere vendereis i slake nedoverbakkar, eller du kan ta runda rundt Sumhaug og Fjærlandsete over Fagreggje og tilbake. Motsett frå ruta over Kolslsetevatnet.

Då har ein om ein vil totalt 2.7 mil med herleg fjelltur under skia. Ein beveger seg i eit postkort her oppe.

Mykje variasjon i landskapet, mykje tur i turen. Berre kom å sjå sjølv.

Preparering av tur- og fjelløyper

Høgehaug: kvar helg ferdig ca. til kl 12 (véravhengig)
Fjærlandsete: blir annonsert på Facebook(vérhavhengig)

Sjekk når me har køyrt opp Fjell- og turløypene her: skisporet.no

Støtt preparering av skiløyper

Skisenteret brukar mykje tid og ressursar for å få til gode løyper. Det er ynskjeleg at brukarar bidreg med ei frivillig støtte til preparering av løypene våre. Ein høvelig sum kan vere kr 100,- for ein dag, og 1000,- for dei som nyttar løypene regelmessig. Du bestemmer sjølvsagt beløpet sjølv, alle bidrag tel.

Slik kan du bidra:

  • Vipps til #85540

  • Sett inn på bankkonto: Sogndal skisenter drift A/S, 3720 07 26341 - Merk: langrennsløyper