Toppturar

Alle turar og aktivitet utanfor preparerte løyper er på eige ansvar. Me oppfordrar å planlegge turen nøye. Sikker ferdsel. God planlegging.

Nytt varsom.no i turplanlegginga di. Er du ny i området eller er toppturar nytt for deg, anbefaler me at du nyttar guide, og gjerne tek eit skredkurs.

Me kan anbefale følgjande firma som har høg kompetanse på dette: Explore Sogndal, Breogfjell og Norgesguidene.

  • Blåfjellet - rett frå heisen

    Ta heisen til toppen. Derifrå jamn stigning langs merka løype til Vardafjellet. Herifrå er det inga merking, men ein kan følgje ryggen heilt opp til Kambafjellet. Så er det ei slakk stigning langs ein vid rygg opp mot varden.

    Nedover: Herifrå følgjer ein ryggen som vender sør, mot Britastein/Britabu.
    Følg så dalsøkket (Stilledalen) eller den merka løypa frå Høgehaug ned til Hodlekve.

    Tid: Turen tek ca. 3 timar på godt føre.
    Stigning: ca. 600m

    Motsett veg er også fint, men då får du ei ekstra stigning på ca 350m.

  • Togga

    Togga er ein relativt rask og flott topptur - på ein fin dag med stabile snøforhold.

    Parker på Brandhaugadn toppturparkering. Frå parkeringa følgjer du stien som går gjennom skogen og på ryggen - heilt opp til varden på Togga.

    Ver varsam: Togga kan vere lunefull når snøen er ustabil.

  • Frudalen

    Med start på Frudalen toppturparkering finst det fleire fine toppturar innover dalen.

    For meir info: sjå boka "Toppturer i Sogn". Kan kjøpast i SIL-hytta. Der finn du mange fine turar i Sogndalsdalen!