Hodlekve sommar

Dalaloven Kafé er ope 20. juni til 15. august.

Sogndal Skisenter Hodlekve er blitt mykje meir enn berre eit skisenter. Det er eit glimrande utgangspunkt for mange sommaraktivitetar i vakker natur.

Kaféen i Dalalåven er ope om somaren. Utanom serveringstid tilbyr vi også utleige av terrengsyklar, pumptracksyklar og el-syklar - i samarbeid med Intersport Sogndal.

Aktivitetar sommar

  • Fjellturar

    Hodlekve er eit glimrande utgangspunkt for turar i fagre fjell og vakker natur. Rett frå parkeringsplanssen i Rindabotn finn ein tilrettelagde stiar gjennom bjørkelier til høgfjellet.

  • Frisbeegolf

  • Sykkelløype

    I Rindabotn finn ein ei kilometer-lang lågterskel sykkelløype. Den er blitt superpopulær blant dei minste. Ein arena for læring og meistring i trygge omgjevnader .

    Ønskjer du å leige sykkel, sjå her.

  • Pumptrack

    Vi har ein stor pumptrack med asfaltert hopplinje i Hodlekve, like ved Dalalåven. Den vart byggja Rekkje Stiutvikling og sto ferdig sommaren i 2022.

    Ønskjer du å leige sykkel, sjå her.

  • Stolpejakt

  • Kafé

    Dalaloven Kafé er ope 20. juni til 15. august. Her sel vi lunsjmat, kaffi og varm drikke.