Skibuss

Skibussen går kvar laurdag og søndag fram til og med 6.april.

bussen koster 50 kroner, og du betaler via Vipps til: #924209

NB! Dagar skibussen ikkje går, kan de avtale skyss med Sogndal Taxisentral: 95102660

Frå Sogndal skisenter

Frå Helgheim (Sogndal Sentrum)

Laussnøekspressen

Følg med på Facebook for å sjå kva dagar laussnøekspressen går.

Laussnøekspessen hentar opp skikøyrarar på haldeplassane langsmed Fjærlandsvegen og tek deg tilbake til skisenteret. Det er Nettbuss som kjører ruta. Me informerer om laussnøbussen går i helga seinast på nærmaste fredagen i framkant.

All skikøyring utanfor preparerte løyper i anlegget føregår på eige ansvar. Ein må absolutt ta omsyn til skredfare, ikkje køyre åleine, og vise stor aktsemd ved riksvegen.

NB! Ikkje ta deg fram i vegbana, men gå opp på vegskuldra!

Laussnøbuss prisar

*gjeld berre på Tide sine avgangar, ikkje på Sogndal Taxi sine minibussar.

Starttid frå Selseng: 11.00 - 12:00 - 13:30 - 14:30 - 15:30

  • Dagar med to bussar går den første frå Selseng kl. 11.00 og vidare fortløpande innimellom dei faste tidene.

  • Tidene kan være variable, i forhold til trafikkmengd og føreforhold.

  • Ved full buss går bussen kontinuerlig. I særskilde tilhøve kan me sette opp to bussar for å ta unna. Dette vil bli annonsert i kvar enkelt tilhøve.

  • Følg med på eigen nyhende og statusoppdateringar på Facebook-sida vår.

  • Om føret ikkje er bra, vil ikkje bussen gå. Om bussen ikkje går kan du ringe taxi 02393, avtal pris og haldeplass!