Langrenn

Løysløypa starter vis a vis SIL-hytta, og er på 5 kilometer. Denne kan du bruke heile døgeret (slå på lyset sjølv om det ikkje er på. Brytaren finn du på lyktestolpen ved parkeringsplassen ved SIL-hytta).

Tar du på hovudlykt, kan du gjere det same i 10 kilometersløypa. 

Me preparerer løypene våre kvar dag (eller så ofte det let seg gjere) når snøen er komen på plass.

Sjå oppdateringar på skisportet.no.

Dei beste stavtaka

Det er fort gjort å spenne på seg skia rett utanfor hyttedøra eller bildøra når ein er i Sogndal Skisenter. 

Langrennsløypene til skisenteret ligg lunt plassert i umiddelbar nærleik til fleire av utleigehyttene og parkeringsplassar.

Sjølv om ein er i fjellet ligg løypene i eit terreng som er beskytta for mykje vind, fjellbjørka tek ogsa tak og gjer ein jobb for at du skal få gå i fred utan for mykje vind.

Det er mest so ein høyrer fjellbjørka heiar på deg når du kjem susande i anten god driv eller eit bedageleg tempo.

Løypene våre ligg i eit terreng det er lett å beveg seg rundt i. Ein treng ikkje vere verdsmeister for å nytte godt av langrennsløypene i Hodlekve. Det er mange som har hatt sine første stavtak her i skogen. Ikkje berre siste 50 åra, men også heilt tilbake til tida då Birkebeinarane budde her.  

Det er tid for å lata tankane flyte når ein er på ski hjå oss, me vil du skal ha det godt.

Støtt preparering av skiløyper

Skisenteret brukar mykje tid og ressursar for å få til gode løyper. Det er ynskjeleg at brukarar bidreg med ei frivillig støtte til preparering av løypene våre. Ein høvelig sum kan vere kr 100,- for ein dag, og 1000,- for dei som nyttar løypene regelmessig. Du bestemmer sjølvsagt beløpet sjølv, alle bidrag tel.

Slik kan du bidra:

  • Vipps til #85540

  • Sett inn på bankkonto: Sogndal skisenter drift A/S, 3720 07 26341 - Merk: langrennsløyper