Fiske i Sogndalsdalen
Dalavatnet og Anestølsvatnet er to gode og særs lett tilgjengeleg fiskevatn i Sogndalsdalen. Ein perfekt sumarsyssel for heile familien.
Kjøp fiskekort, bruk redningsvest finn deg ein høveleg plass og lukke til.
Kjøp av fiskekort
Ein må ha gyldig fiskekort i Dalavatnet og Anestølsvatnet. Prisane på fiskekort er det ikkje noko å seia på:
Dagskort kr. 100,-
Vekeskort kr. 200,-
3-vekerskort kr. 300,-
Årskort: 450,-
Dei to vatna høyrer høyrer til same grunneigarlag. Fiskekort får ein kjøpt i begge sportsforetningane i Sogndal samt MIX-kiosken. Det står fiskekortautomat både ved Vatnasete, UTEplassen og Vassenden.
Sist men ikkje minst, ein kan kjøpa kort via VIPPS Nr: 519321
Ein prat med gardbrukar og leiar hjå Dalavatnet Fiskekort, Johannes Gunvordal:
Når ein køyrer bil gjennom Sogndalsdalen kan ein ikkje unngå å legge merke til Dalavatnet. Frå elveosen der Selsengelvi renn ut i vatnet til Hodlekvebrui der Dala- vatnet vert omgjort til Dalaelvi, er der om lag 6,5 kilometer. Dalavatnet har veg rundt heile seg, Riksveg 5 på eine sida og «Gamle Dalavegen» (FV211)
Både Dalavatnet og Anestølsvatnet, som ligg innforbi Selseng er gode fiskevatn. Det har dei seinare åra føregått ei kultivering i begge vatna, med resultat av at fisken no byrjar å bli stor.
Gardbrukar og leiar hjå Dalavatnet Fiskekort Johannes Gunvordal, seier at det er godt tilrettelagt for fiske i begge dei to vatna.
– Sidan det er veg rundt heile Dalavatnet, er det god tilkomst mange stader. Det er mest so ein nokre stader kan fiska ut glasruta på bilen. Til dømes nede ved Vatnasete er det veldig flott. Det er eit område som dei tøffaste også kan bada frå, sommarsdagen. Med tøff meiner eg, det er smeltevatn så temperaturen er relativt låg. Men det er flott å bada, og ikkje minst, flott å fiska.
– Ellers kan eg nemna at ved elveosen i begge endar er det lett tilgjenge, og gode forhold. Det einaste ein skal ha omsyn til er dyrka mark. Ein må ikkje gå der utan å først ha snakka med grunneigar. Det same gjeld parkering. Det er mange stader fine forhold for å parkera bil. Men ein må spørja seg til råds om ein skal inn på privat eigendom, og sjølvsagt må ein ikkje sperra vegbana. Så ellers er det berre å kjøpa seg fiskekort og freista lukka. For fisken den er der, kilosfisk er me fleire som har drege opp.
IDYLL: Elveosen ved Anestølsvetnet er beint fram ei perla. Foto: Steffen Lægreid
Men det er slik med gardbrukarar og grunneigarar, dei nemner ikkje dei beste plassane, anten det er moltemyrar, jaktsåter eller fiskeplassar.
– Det er god tilkomst over alt, spesielt ved Dalavatnet. Hjå UTE-plassen er der også mulegheit til å leiga både båt og fiskeutstyr. Inne ved Anestølsvatnet er der bomveg, men vegen er fin og har fleire utkøyrsler ein kan stogge på langs vatnet. Heile sommaren beitar geitene godt ned langs med Anestølsvatnet. Her er ei fin og oversikteleg strandlinje so gjer det perfekt å fiska med Oterfjøl.
– Anestølsvatnet er litt kaldare, og fisken er litt mindre enn i Dalavatnet, men det er mulegheiter for ein sværing her også. Selsengelvi har mange flotte fiskeplassar heile vegen. Så Sogndalsdalen er eit aldri så lite eldorado for fiske.
Alle er velkomne til å nytta området. Det er fort ein gløymer kor bra det er heilt nært og enkelt. Ein treng ikkje reisa langt til fjells. Perfekt familiesyssel. Kjapt napp enkelt å greit, heile året.
Siste spørsmål. Kva likar fisken i Sogndalsdalen?
– Ein god gammal sølvkroken, den har drege opp store beist frå djupt vatn. Men no kan eg ikkje seia meir. Nokre hemlegheiter må me ha. Men velkomne skal de vera seier bonden i Gunvordal.
PÅ REKKE: Anestølsvatnet nærmast, Dalavatnet ligg ute i hovuddalføret.