Lette snøbyger
God søndag! I dag er alle fem skiheisane våre opne frå 10-16, det same er Dalalåven. Natta baud på eit par varmegrader og regn heilt til topps, men no i 8-tida er det lette snøbyger. 10-kilometeren i langrennsanlegget er ferdig preppa til klokka 10, og då tek preppemaskina turen i fjelløypa til Høgehaug. Minner om skibussen med avreise frå Helgheim klokka 0955 og retur frå Rindabotn kl 16. Velkomen til oss og ein god skidag!