Velkomen til påskeferie med og utan ski!

Me er klar for påske!



Me skal gjera alt for at påskehøgtida vert så kjekk og innhaldsrik som mogleg for deg, dine vener, og familien din.

Viss du studerer aktivitetskalenderen vår her på heimesida så ser du at det er mykje å gleda seg til no når me feirar påskehøgtida.

Her vert det leike og moro for borna, trim og moro for oss som er litt større – og sosiale samlingar og aktivitetar for heile familien.


Hjå oss startar påskeprogrammet laurdag 1. april med barneskirenn i Toyota-trekket. Dagen etter, palmesøndag, er Olaf’en på plass i Rindabotn med skidag for dei minste. Sidan går det slag i slag utover påskeveka med skileik, rebusløp, grilling, friluftsgudsteneste på Britabu og tilrettelegging for ulike aktivitetar både i bratt og kupert terreng.




I år vil me stikka ny storlsalomløype i nedfarten til Kalvavatni-heisen dei fleste dagane i påskeveka, slik at du kan utfordra eigne dugleikar. Her kan du utfordra deg sjølv som alpinist, uansett dugleiksnivå.


Frå og med laurdag 1. april og til og med 2. påskedag (måndag 10. april) er alle fem skiheisane våre opne frå klokka 10-16 kvar dag.

Dalalåven opnar også klokka 10 kvar dag, men her er det fleire dagar og kveldar med utvida opningstid. Skjærtorsdag kveld kjem Dag Skram med vener, og laurdag 8. april, sjølvaste påskeaftan, inviterer Dalalåven til etter fjøstid-pub.

Blaofjedlet, eller Blåfjell. Ein klassisk påsketur for mange. Frå toppen av Holen-trekket er det rekna som ein lett topptur.

Kanskje dukkar det opp overraskingar som me ikkje har annonsert også? Følg med oss i sosiale medier eller her på heimesida.

Og hugs: Hjå oss varer påsken og vinteren heilt fram til 1. mai

Forrige
Forrige

Hjå oss varer vinteren til 2. mai

Neste
Neste

Velkommen til skileik pudder- og topptur!