Hjå oss varer vinteren til 2. mai

Me har rikeleg med snø og mange skidagar att her hjå oss. Siste opningsdag i skiheisane våre denne sesongen er måndag 1. mai.

Fram til og med påsken heldt me ope kvar einaste dag frå opningsdagen 26. desember 2022. No trappar me ned til fem dagar for veka med drift i skiheisane.

Dei siste vekene av sesongen held me ope fem dagar for veka – onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag, med opningstid 10-16. Onsdag-fredag køyrer me Toyota-trekket og Holen-trekket, laurdag og søndag køyrer me også Kalvavatni-trekket. Dalalåven har også opningstid 10-16 onsdag-søndag, likt med opningstida i skiheisane.

Måndagar og tysdagar held me stengt i skiheisane, men det er sjølvsagt fritt fram i langrenn- og fjelløypene. Det er alltid ope for gode opplevingar i Hodlekve!

Velkomen!

Forrige
Forrige

Takk for vinteren 22/23

Neste
Neste

Velkomen til påskeferie med og utan ski!