Velkommen til skileik pudder- og topptur!

Kom til oss og test ut verdas beste snø!

Ja, du leste rett, det er dokumentert at vi har verdas beste snø her i Sogndal.

Kva med å leggja vinterferien hit? Eller kanskje passar det betre med ei langhelg?


Her hjå oss i Sogndal Skisenter er det ei rekkje mulegheiter til overnatting, både i hytter og leilegheiter her i skisenteret - eller ved eitt av hotella nede i Sogndal sentrum, berre ti-tolv minuttar køyring frå senteret vårt.

Familiesenteret: Sogndal Skisenter er perfekt for heile familien.

2 overnattingar i moderne Panorama-leilegheiter3 personar, oppreidde senger, utvask og heiskort 3 dagar (frå ankomst til avreisedag). Kroner 6.390,- Tillegg per ekstra person 930,- booking: post@hodlekve.no

3 overnattingar i moderne Panorama-leilegheiter3 personar, oppreidde senger, utvask og heiskort 4 dagar (frå ankomst til avreisedag). Kroner 8.990,- Tillegg per ekstra person 1290,- booking: post@hodlekve.no

Ein ettermiddag i låg vintersol. Velkomen til fjells.

Hjå oss går skiheisane kvar einaste dag fram til 1. mai, og vi har flotte langrennsløyper og fjelløyper som strekkjer seg kilometervis i vakkert fjellandskap.

Dei djupe dagane. Me har opplevd dei heilt ut i april. Det er alltid spennande!

Verdas beste snø, undrar du endå?

Ja, og det handlar om klima og geografi. Langt inne i landet ved verdas lengste (og vakraste!) fjord, Sognefjorden, har vi det beste av kyst- og innlandsklima. Og så har vi nærleiken til Jostedalsbreen.

Den beste snøen: Ein skiskreiar tek heisen opp, ein liten travers også er han der. Rette plassen til rett tid.

Som oftast når det vert meldt regn og dårleg vêr på Vestlandet vinterstid, landar dette regnet som snø hjå oss. Laus, turr og god snø. Jostedalsbreen kjøler ned regnet og omdannar det til dette vakre, kvite.

Jostedalsbreen, berre ein time frå Hodlekve.: Den medskuldige for god snø i Sogndalsdalen.

Ikkje berre i Sogndal, men i store deler av Sogn kan vi by fram fantastiske toppturmulegheiter, mange plassar med nydeleg utsikt til Sognefjorden. Med Sogndal Skisenter som utgangspunkt kan du velja og vraka i toppturar, og bratte eller mindre bratte nedkøyringar.

ETTERMIDDAG I HODLEKVE SIN BAKHAGE

På tur med guide.

Fleire guidebedrifter i området tilbyr eksklusive toppturopplevingar, eller ulike kurs innan trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Frå toppen av heissystemet vårt kan du velja preparerte nedfartar, eller nedfartar i laussnøen som vi er så glade i her.


Anlegget vårt er også godt tilpassa barnefamiliar, med to skiheisar tilpassa barn og dei som ikkje vil ha det så bratt med nedoverski under beina.

Lett på ski. Det skal være og det er lett å stå på ski i Sogndal Skisenter.

våre utleigehytter og leilegheter

Vinterpakkar 2023:

2 overnattingar i moderne Panorama-leilegheiter3 personar, oppreidde senger, utvask og heiskort 3 dagar (frå ankomst til avreisedag). Kroner 6.390,- Tillegg per ekstra person 930,- booking: post@hodlekve.no

3 overnattingar i moderne Panorama-leilegheiter3 personar, oppreidde senger, utvask og heiskort 4 dagar (frå ankomst til avreisedag). Kroner 8.990,- Tillegg per ekstra person 1290,- booking: post@hodlekve.no

Forrige
Forrige

Velkomen til påskeferie med og utan ski!

Neste
Neste

Går du i alpinbakken utan om opningstid ?