Vel møtt til vinterhelg!

Denne helga opnar også Neumanntrekket nede i Hodlekve.

Endeleg er alle skitrekka våre er opne

Opningstida er kl. 10-16.

Det er faste og fine forhold i løypene hjå oss no. Kva er vel betre en nypreppa cord-fløyelsløyper til frukost? 


Eller er du av dei som likar trikkeskinner i glissen bjørkeskog? 

Det er nypreppa i langrennsløypene frå kl. 10.00 kvar morgon. 

Til Høgehaug kjem ein seg fint opp på fjellski, det er berre å følgja scooterspora




Denne sesongen stod vår nye GrøneLøype klar til bruk.

Dette er ei lågterksel alpinløype som høver dei aller fleste.

Aldri har det vore enklare å stå på ski eller å komme seg til fjells her hjå oss. 

No er føresetnadene mykje betre for at heile familien skal ha det endå meir moro i lag. 


Kaféen i Dalalåven har opent 10.00 - 19.00 både fredag og laurdag.

Søndag og andre dagar opent 10.00 til 16.00

Utanom dei saftige vaflene, ein sprø pommes frites eller herleg kopp kakao kan ein få kjøpt middag  både fredag og laurdag. Middagen er levert av Ellevilt, eit kvalitetsstempel i seg sjølv.


På fredag står det « Biff Bourgogne, potetstappe og grønsaker» på menyen frå kl. 12.00

Laurdag er dagens spesialitet «Kyllingryte ris og salat» , servert frå kl. 12.00

Ein får også kjøpt Wraps med kylling eller laks, Ciabatta med brie, honning og valnøtt , kylling, bacon. Ein skal ikkje stå i vegen for heimelaga Brownies eller Eplekake heller. 

I Dalalåven finn ein også sal av skipass. Denne sesongen ynskjer me at flest mogleg kjøper skipass online på våre nettsider. Slik bidreg ein der ein kan til dugnaden mot Covid-19. 

Sjå gjerne vår video her: Koronavinter

Skiutleige finn ein også på same plass, Intersport Sogndal Dalalåven.


Januardagane er flotte, kalde, magiske og klåre. 

Det verkar som det er då lufta vår er på sitt reinaste. For mange den flottaste tida i fjellet med ski på føtene. Me er einig. 

Men viste du at me har opent kvar dag fram til 1. mai?



Det skjer noko hjå oss kvar helg heile sesongen, her finn du ein overskit over aktivitetane me har, kalendaren vert oppdatert jamnleg. : AKTIVITETSKALENDAR



Det er totalt 193 utleigesenger i kring Sogndal Skisenter. Alle i flotte, nye moderne hytter og leiligheiter. Book ditt draumeopphald her: HYTTE

Rolfhytta eit av fleire flotte alternativ for overnatting og frie dagar. WiFi har dei også

NO KAN DU TA “SKIBUSSEN” TI!L HODLEKVE I HELGANE

Me ynskjer velkomen ti ei ny flott vinterhelg.


Kom å leik med oss!


Forrige
Forrige

No kjem snøen kjem du?

Neste
Neste

40-åringen endeleg døypt!