No kjem snøen kjem du?

Me ynskjer deg vel møtt  til ny fantastisk skihelg og neste kapittel i vintereventyret 2021.

Med knall forhold har me det beste utgangspunktet for ei herleg snørik helg att.

Alle skitrekk går denne helga,

der løyper og bakkar er preppa og klar til kl. 10.00 kvar morgon. 



Ny helg nye mulegheiter. Kom og leik med oss. Anten nedover, oppover eller bortover. Løypa er di.





Aktivitetar:

Aktiv helg i Toyotatrekket! Både laurdag og søndag vert det arrangement for born hjå oss.

Laurdag går årets V-INTERSPORTLEIKANE av stabelen.  Dette er ein humørfylt aktivitetsdag med Intersport Sogndal.  Stikkord er skidemo, hinderløype, paralellslalom og over snittet god stemning for born i alle aldrar. Les meir her: V-INTERSPORTLEIKANE.

Søndag kl. 13.00 vert det snøleik for born i Toyotaparken, med Tonje! 

Les meir om det her: Snøleik.

No kan du også ta skibuss frå Sogndal kvar laurdag og søndag. Her finn du rutetider: SKIBUSS



Dalalåven har opent 10.00 -19-00  fredag og laurdag, (til kl. 16.00 på søndag) 

Dalalåven er sjølvutnevnt krinsmeister i vafler og kakao, no går dei vist for noregstittelen. Store ord seier du? Kom og prøv sjølv. Her er ellers kva dei skriv:

Huskikakaoen har allereie ein smått legendestatus blant kjennarar. Ellers utanom Ciabatta, wraps, pølser og fries får ein kjøpt dagens varmrett frå kl 12.00 til 18.45. Maten er laga i samarbeid med Ellevilt - kjøt og fisk og er då naturlegvis best i klassen.

Fredag : Lammeskank med grønsaker og potetstappe.

Laurdag: Pølse av svin og storfe servert med grønsaker og potetstappe!

Ta middagen hjå oss i Dalalåven!

Bestill gjerne på førehand



Denne helga melder spåmenn og spådamer hjå yr.no at me skal få påfyll av snø. Anar me ein aldri så liten pudderalarm?

Det hadde jo vore stas, me gler oss uansett. 


Her hjå oss er det vinter kvar dag, heilt fram til 1. mai.  Den kommande helga ingen unntak.

Vel møtt til nypreppa skiløyper, skiglede skileik og den beste vinteren. 

Skjermdump: frå heimesida til spåmenn og damer.

Klassisk oppned frå Magnus Uglum Krogstad, i Rindabotn.







Forrige
Forrige

PUDDERALARM OG LAUSSNØEKSPRESS

Neste
Neste

Vel møtt til vinterhelg!