40-åringen endeleg døypt!
På folkemunne har det blitt kalla både pomaen, pomatrekket og Hodlekvetrekket. Kjært barn har mange navn.
Men frå 13. januar 2021, er det nye offiselle namnet, Neumanntrekket!
I om lag 40 år har det etter kvart so legendariske skitrekket gjort ein av dei absolutt viktigaste jobbane i Hodlekve, det er då naturleg at ein koplar det med den største samarbeidspartnaren til skisenteret, Neumann Kaupanger.
Skitrekket som har vore det viktigaste for kvar ein er komen i dag når det gjeld utvikling av skidestinasjonen Sogndal Hodlekve, går endå i beste velgåande. Då skulle det berre mangle at skitrekket ikkje får seg eit navn.
– Neumann Kaupanger har over fleire år vore Sogndal Skisenter sin største samarbeidspartnar, det fell seg naturleg at det gode samarbeidet skal veksa seg betre. For gode vener er jo det ein tek vare på. Så me er glade for å ta det heile eit steg vidare, det skulle berre mangle at eit så viktig namn for oss som Neumann Kaupanger er, vert knytt opp til det legendariske skitrekket. Då har me kopla to bautaer i lag. Noko me er utruleg glade for, seier Svein Olav Haugen hjå Sogndal Skisenter.
– Å vera synleg, og å kunne bidra lokalt til å skapa noko i lag med andre for lokalmiljøet og regionen er viktig for oss. At ein kan vera synonym med positiv utvikling og sunne verdiar er noko flott. Vårt bidrag inn til skigleda og det å være med på moroa og framtida kring Sogndal Skisenter er noko me vil og fell oss naturleg. Me er her for framtida, og det er også Sogndal Skisenter, seier Olve Aaberge, dagleg leiar hjå Neumann Kaupanger.