Vel møtt til ny skihelg 


Endeleg er det helg, ski og gode forhold att!



Det er ei god første sesongveke her i Hodlekve. Det har snøa jamt og trutt. Forholda er gode. 

Me har open onsdag til søndag frå kl. 10-00 - 16-00. 

Sjå fullstendig oversikt over opningstider i jule- og nyttårshelga lenger nede på sida,

eller her: Opningstider.

Denne helga er det Holentrekket, Kalvavatni og Toyotatrekket som er opent 10-16.

Langrennsløypene er preparert opp til k. 17.00 kvar dag.

Er du opptatt av litt planlegging og av føre og forhold anbefalar me Fnugg sine sider, og våre eigne webkamera. Skal du utanfor preparerte løyper så er det det å bruke skredvarsla på varsom.no som gjelder.


Dalalåven er open når skisenteret er. I tillegg har Dalalåven no fått seg ei eiga Facebookside der ein får oppdatert informasjon om arrangement og tilbod innomhus der. I romjula skjer der mykje.

Det er i Dalalåven du også kjøper skipass og gjerne leiger ski og utstyr. 

Intersport Dalalåven har eit lite utval av diverse om det er noko du har gløymt. Du kan også avtale med Intersport Sogndal på førehand om det er spesielle produkt eller varer du ynskjer å plukke opp frå hovudbutikken nede i Sogndal.

Ynskjer du å leiga hytte i Sogndal Skisenter, finn du fleire utval her: HYTTER



Forrige
Forrige

Romjulsmoro i Dalalåven

Neste
Neste

No kan «alle» bli med til fjells i vinter!