Romjulsmoro i Dalalåven
Vel møtt til romjul i Dalalåven!
Ein ekte bygdabasar, quiz, pubkveldar og live musikk, er noko av det som ein kan skilta med.
Det sparast ikkje på krutet når Dalalåven feirar si første jul.
Møteplassen i Rindabotn er ikkje berre for skifolk på dagtid. I feriar og helgedagar er det viktig å skapa eit tilbod for alle.
– Det er viktig at ikkje berre hyttefolket har ein plass å gå til. Men at alle i heile kommunen kan møtast. Me vel å kalla Dalalåven for den nye storstova, den nye møteplassen i Sogndal. Dalalåven skal vere eit aktivt og varmt bygg som favnar breitt. Me freistar med å arrangere tilstelingar so ofte og so mykje som kapasiteten strekk til. Spesielt er feriarog høgtider særmerkte dagar, fortel Magne Hofslundsengen.
Magne og gjengen har i år sydd saman ein rikhaldig meny av arrangement gjennom romjula. Han listar opp:
Etter fjøstid Torsdag 26. des
Kl. 20-23
Vil du roa ned med ein lun, roleg kveld i Dalalåven 2. juledag? Me har hanka inn nokre vaksne, men heller urøynde karar som vertskap denne kvelden. Dei har nok meir røynsle på hi sida av serveringsdisken, enn bakom. Men øving gjer meister, er det noko som heiter. Dei vil nok uansett gjera sitt beste for at du skal trivast i Dalalåven denne romjulskvelden.
Pub med livemusikk Fredag 27. des
Kl. 16-01
Bandet BRB med Espen Bakketeig, Bjarte Breilid og Odne Røyrvik spelar frå kl. 20, cc kr 200,-
Pubquiz Laurdag 28. des
Kl. 16-01
Quizen startar kl 20. Max 6 personar pr lag. Premiar. Deltakaravgift kr 50,- pr person.
ROMJULSBASAR Søndag 29. des
Kl 16-23
Etter fjøstid og ROMJULSBASAR med åresal
Basar frå kl. 18-20. Her snakkar me gevinstar folkens! Her kan du vinna det du ikkje fann under juletreet julaftan. Me har hyra inn Øyabrekka skule sin basarsjef til å leia åresalet. Overskotet går fullt og heilt til førebyggjade skredarbeid i Sogndalsdalen.
Dette er nok ei av kommunens største hendingar denne jula. Premiebordet går sikkert nok inn som eit av dei desidert største nokon sinne i Sogndalsdalen. Ein tullar ikkje om ein nevner verdiar for tusenvis av kroner.
Merk: Kun kontant oppgjer! ( i gamal stil)
Etter fjøstid med pizza Måndag 30. des kl. 20-23
Ein tidlegare stuert i Bergen Nordhordland Rutebillag har gått i land og spesialisert seg på den italienske nasjonalretten. No vitjar han Dalalåven for å gje oss ei kulinarisk oppvaking. Her får BNR-stuerten assistanse frå lokale gourmetar som vil assistera på kjøkenet. Du trur det ikkje før du har smakt den!
PubQuiz med quizmaster Per Kristian Løberg