No kan «alle» bli med til fjells i vinter!
Dårleg til beins eller berre ein spennande tur?
Det er komfortabelt, lettvint , spennande og trygt.
Bli med oss til fjells !
Enn så lenge ein kjem seg inn i trakkemaskina så kjem ein seg også opp i fjellet.
For føter som ikkje kjem seg til fjells for eiga maskin kan me no tilby turar i høgfjellet saman med våre trakkemaskinsjåførar. Me kallar det livet bak heiskortet. Dette er jobben vår, me har verdas beste kontorplass, og me har plass til fleire.
Ein sit godt og varmt inne i førarhytta samme kva vêret gjer utanfor. Ein får kjenne på dei mektige kreftene til PistenBully-maskinene våre som grev og klatrar seg fram i snøen, og bak seg lagar dei silkespor og trikkeskinner til turfolket.
For dei eldre
Er du kanskje ein av dei som berre har minna att, om flotte skiturar høgt til fjells i jomfrueleg snø for mange år sidan? Der i dag beina ikkje er på lag med kjærleiken til fjedli?
Fjedli og snøen er der endå. Like vakkert. Om du ikkje trur oss, så berre bli med så skal du få sjå.
For dei små
Det er moro å sjå dei tindrande augo til ein liten pjokk som kjem ombord i ei stor trakkemaskin for aller første gong.
Ombord er det mykje spennande. Både spakar, knappar, skjermar og duppedittar. Det er mest som eit lite romskip. På sett og vis mykje likt i allefall. Til tider så får ein følelsen av å sveva framover det opne og store fjellandskapet opp mot Høgehaug.
Ikkje bråkar det heller. Føler borna at det kan være litt skummelt, så er det ikkje noko problem om mamma eller pappa, besta eller besten blir med også. Me har plass til eit born og ein vaksen i slengen. Prisen er det samme om det er ein eller to som blir med.
God tur
Ta med deg nista og nyt ein kjapp liten matabete og ein kopp kakao eller kaffi på Høgehaug, pust inn den skarpe gode klåre lufta som er i vinterfjellet . Ta ei bilete eller to.
Heile vinteren køyrer me opp løyper både til Høgehaug, rundt Fjærlandsete og Sumhaug. Me køyrer opp og ned dei bratte alpinbakkane våre. Det kan du eller nokon du kjenner også få bli med på. Ein fjelltur er ei perfekt julegåve.
Fram til jul kostar ein slik tur berre 790,- kroner ved kjøp av verdikort. Desse får ein kjøpt anten på Intersport Sogndal eller i Dalalåven. Har du ikkje høve til å møte opp, ta kontakt med oss så skal vi ordne det.
Ein tur tek om lag 90 minutt anten den er til Høgehaug eller om ein vil køyre i alpinbakkane. Ynskjer ein mykje kortare turar kan me anbefale langrennsløypene våre.
Vel møtt til fjells, liten som stor, gamal eller ung.