Trer fram som viktig støttespelar

Saltdalshytta satsar i Hodlekve. Ny visningshytte på veg opp.



Nordbhohus Sogn er saman med Saltdalshytta, blitt ein av Sogndal Skisenter sine største støttespelarar.
– At Nordbhohus som allereie er ein stor støttespelar for oss, vel og ta endå eit steg opp, saman med Saltdalshytta, er veldig gledeleg og viktig for oss. Det syner at næringslivet har trua på kva me driv med, at det er ein verdi i lokal satsing og eit fokus mot oss. At me veks oss større i eit samarbeid so gjer til at me kan utvikle oss vidare, bli både endå betre og endå større, det gjer godt for oss, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar hjå Sogndal Skisenter Hodlekve.

Jens Sigurd Hagen hjå Nordbohus Sogn as, seier at samarbeidet dei no har starta med Saltdalshytta, er eit viktig steg inn i hyttemarknaden for Nordbohus.
– Me ser på utbygginga i Sogndal Fjellandsby, som veldig spennande og positivt for regionen. Ei hyttegrend som etterkvart no blir til ein liten koseleg fjellandsbyby, i eit skisenter som veks seg større. Det er heilt klart noko me ynskjer å ta del i,  noko me vil vera med på å utvikla.


Nordbohus er blant dei største på nybygg av hus og då spesielt eineboligar og fleirmannsboligar. Til dømes Bråtane feltet på kaupanger med over 70 einingar. 
– Bråtane har vore eit stort prosjekt som snart er ferdig utbygd og vore særs populært, me har ei lita handfull tomter att. Det neste store for oss no er Vellegjerdet på Kjørnes, med 20 einingar, det er for det meste store einebustader men også nokre tomannsboligar, seier Hagen.  Og legg til:

– Me har allereie bygd seks hytter i Hodlekve, og etter at me blei forhandlar av Saltdalshytta i regionen så vil det bli meir hyttebygging på oss framover garantert. Saldalshytta satsar ganske kraftig nasjonalt, og har mykje spennande på gang. Dei er gamle ringrevar i bransjen, dei bygde sine første hytter i 1979, og leverar høgste kvaliteten. Det er moro og spennande for å vere med på neste kapittelet. Me  har byrja på og sette opp ei  visningshytte, som me håpar skal stå ferdig ut på seinvinteren. Me gler oss til å syna fram ei typisk Saltdalshytte som er ei familevenleg hytte og vil passe godt inn i Hodlekve, avsluttar Jens Sigurd Hagen.

Saltdalshytta har sidan oppstarten i 1979 bygd over 6000 hytter kringom i landet og er soleis ein aktør som er heilt i toppsjiktet når det kjem til kvalitet og krav til kva som skal til for å byggje noko som varer lenge. Verksemda leverer fleire ferdigstillingsgrader, med prisar tilpassa kvar einskild. Ein kan bestille nøkkelferdig hytte eller byggje den sjølv, alt etter kva som passar inn og budsjettet best.

Jens Sigurd Hagen hjå Nordbohus  er klar for innsats i Sogndal Fjellandsby.  Saltdalshytta er allereie representert med fleire hytter. Med ny visningshytte under byggjing så vonar dei at hyttedraumen skal bli ein realitet for endå fleire.

Jens Sigurd Hagen hjå Nordbohus er klar for innsats i Sogndal Fjellandsby. Saltdalshytta er allereie representert med fleire hytter. Med ny visningshytte under byggjing så vonar dei at hyttedraumen skal bli ein realitet for endå fleire.

Guest User