Aktiv haustdag i Rindabotn

Me ynskjer velkomen og opnar «døredn»  til ein flott haustdag fyllt med mykje aktivitet.

Laurdag 26. september går årets haustarrangement av stabelen hjå oss, i Rindabotn.

Sjølv med ei litt annarleis år så vert det også i år ein flott aktivitetsdag. Sjå berre her:

SYKKELKONKURRANSE

Nordbohus Sogn inviterer til sykkelløp for born opp til 15 år, i Saltdalshytta sykkelpark. Det vert deltakarpremie på alle. Påmelding vert i Dalalåven frå kl. 11.00 Ta med sykkel og hjelm og bli med !

68433209_10156085942546059_2085227843641409536_o.jpg




BRUSKASSESTABLING

Neuman Kaupanger kjem også tilbake i år, og ein kan få testa eigne balanseferdigheiter med å stable bruskasser so høgt ein berre greier. Kven vert årets meistert? 

70576888_10156156922226059_6176011221863497728_o.jpg


MAT

Me får besøk av Ellevilt som serverer Pulled Pork !

Ellevilt som har sigla opp som ein soleklar favoritt blant mange i Sogndal, serverar ein av sine spesialitetar. Lunsjen laurdag, tek du i Rindabotn.


117947396_2914459465320869_5422104837338257611_o.jpg

FJELLØP

Er du av den spreke sorten, kvifor ikkje bli med i årets Hodlekve Rundt - eit fjelløp.

Heildistansen er på ca. 18 km og 1100 høgdemeter, og halvdistansen er ca. 10 km og 500 høgdemeter. Det er herre og dameklasse. Trimklasse utgår grunna kapasitetsbegrensingar, men det er lov å ut i løypa å heia.

Sekreteriatet er ope i Dalaloven frå 09.00. Løpsstart:  - heildistanse 11.00 - halvdistanse 11.30 

Det er fellestart i alle klassar. NB! Mobil er påbudt å ha med i tilfelle beinbrot. Det er ikkje værforbehold. 

Søk opp “Hodlekve Rundt” på Facebook for meir info.

image.png



BRUKTSKIHANDEL MED SOGNDAL IL

Her kan du komme å selje eller kjøpe fint brukt utstyr. Du kan og levere inn utstyr til oss som da blir solgt og pengane går til Alpin og Langrennsgruppa i Sogndal IL. Utstyret må fungere og vera i god stand, hugs at det er nokon som skal bruke det. Dette er og ein fin anledning til å møte andre og dele tips til nye utøvarar og foreldre. Ring tlf 46819808 for avtale om levering av utstyr. Vi blir i Dalalåven på fredagen og tek i mot utstyr etter avtale.

119676374_3530661250313633_1265233255300552308_n.jpg




Covid-19

Arrangementet vert gjort etter samråd med Kommuneoverlegen i Sogndal. Sogndal Skisenter føl til ei kvar tid retningsliner og tilrådingar kring omsyn til smittevern ift. Koronapandemien. Det er utplassert antibac på våre områder. Og fellesareal vert reingjort ut ifrå kva som er tilrådd. Me ber alle som vitjar oss om å halde tilrådd avstand på minimum 1 meter.

71481729_10156156919731059_2003077205306900480_o.jpg







Vel møtt til Sogndal Skisenter og ein flott haustdag.

Minner om at sal av sesongkort startar 1. oktober. Kampanjeprisar fram til 1. desember.










Guest User