Krinssamling i Sogndal
Like sikkert som dei første snøfluksene byrjar å terge dei høgste fjelltoppane, byrjar det og murre i ivrige skiføter.
Dei kallar det “tøff haustsamling”, når krinslaget i langrenn samlast i Sogndal og Hodlekve 10. - 13. september.
Det er ikkje utan grunn.
Løparane skal m.a. teste seg mot dei beste tidene til krinslagsløparar i testløpet rulleski klassisk opp til Haukåsen. På samlinga deltek også impulslaget til krinslaget ( utøvarar f. 2005).
Me ynskjer gjengen velkomen til fjells og gards, og gler oss til ein ny vintersesong, som startar om ikkje så forhåpentlegvis, alt for lenge.
Programmet ser elles slik ut.
Torsdag 10. sept.:
1. økt, 17.00: Intervall "syreøkt", løp m/ stavar
Fredag 11. sept.:
1. økt, 09.00: Rulleski klassisk inkl. teknikk, 2-2,5 t
2. økt, 16.00: Rulleski skøyting inkl. hurtigheit, 1,5 t
Laurdag 12. sept.:
1. økt, 09.00: Testløp rulleski klassisk, Amla-Haukåsen
2. økt, 16.00: Løp restitusjon, 1-1,5 t
Søndag 13. sept.:
1. økt, 09.00: Roleg langtur løp m/ stavar, 2,5-3 t
Trenarar på samlinga:
Simen Bækken, Roger Pollen, Elise Skeide Bakke