Takk for vinteren 22/23
Så var det over for denne sesongen. Måndag 1. mai klokka 16.00 trykte me på dei raude stopp-knappane i heishusa våre og avslutta vinteren 2022/23.
Då er det på sin plass å takka alle gjestene våre for ein strålande vintersesong! Takk skal de ha, alle saman! Det er ei sann glede å leggja tilhøva til rette for smilande, spreke og ihuga gjester i alle aldrar.
Me vil halda fram med å gjera vårt aller beste for at du skal trivast hjå oss, uansett dugleiksnivå.
Og takk til alle dugnadsarbeidarane, takk til eit raust næringsliv i Sogndal som stør opp om aktivitetane våre og som vil vera med å skapa glede og trivsel hjå oss!
Denne vintersesongen passerte me 100.000 (eitt hundre tusen!) gjester med god margin. Det er, i alle fall for oss som driv skisenteret, imponerande tal. Men først og fremst er dei inspirerande; dei fortel oss at me har vorte den møteplassen me vil vera, og dei inspirerer noko enormt til vidare innsats.
Vinteren 2022/23 har me hatt over 3.000 skuleelevar på besøk i anlegget vårt i skuletida, me har hatt ei rekkje konkurransar i regi av idretten, mange bedriftssamlingar og rekord i talet på utanlandske gjester. Me har hatt fleire arrangement med tilrettelegging for funksjonshemma, me har arrangert skiskule, og me har hatt aktivitetar tilrettelagt for barn i helgane.
I veke 8 sette me ny rekord i besøkstal i samband med Fjellsportfestivalen, og påsken 2023 vart tidenes beste påske hjå oss takka vera strålande vêr og ivrige gjester.
Me veit at ein del meiner me burde hatt gratis parkering, at me burde hatt billegare heiskort, at me skulle ha slutta å masa om bidrag til prepping av langrenn- og fjelløyper, og at det burde ha vore fritt fram til å eta nistepakken sin i Dalalåven. Då er svaret enkelt: Me kunne ikkje hatt det tilbodet me har i dag.
Drifta av all denne aktiviteten er finansiert av deg som brukar og eit raust næringsliv i Sogndal. Desse inntektene brukar me til å utvikla aktivitetstilboda våre og skapa nye arbeidsplassar. I tillegg kjem ein enorm dugnadsinnsats frå ei rekkje grupper og eldsjeler.
Det offentlege finansierer ingenting av drifta vår, verken opparbeiding og brøyting av parkeringsplassar, drift av gapahukar, varmestover og Dalalåven. Heller ikkje prepping og drift av langrenn-, fjell- og alpinløyper vert subsidiert eller støtta frå det offentlege. Det er gjestene våre og sponsorar i næringslivet som gjer at me kan drifta anlegget vårt og utvikla det vidare. Takk skal de ha alle som ein!
Tusen takk til alle og ein for denne innsatsen! Og tusen takk for den strålande vintersesongen 2022/23!
No stengjer me Dalalåven nokre veker for å gjera oss klar til sommardrift.