Sommaren ved Sogndal Skisenter

Me er ikkje lenger berre eit skianlegg som pakkar saman når snøen fer og opnar opp att når snøen kjem seinhaustes. Me har utvikla oss til eit heilårsanlegg med aktivitetstilbod året rundt.

Når me no skriv starten av mai 2023 er det framleis mykje snø å boltra seg på i anlegget vårt, men no må du bruka eigne krefter for å koma deg oppover.

Me som jobbar i anlegget er i full sving med å rigga ned heisanlegget, utføra service og vedlikehald på maskiner – og førebu sommarsesongen her i Hodlekve.

Når skulane stengjer dørene og elevar og studentar tek sommarferie, opnar me opp att Dalalåven og vil by på tidenes aktivitetsprogram sommarstid her hjå oss. Akkurat dato for opning veit me ikkje i skrivande stund, heller ikkje eksakt aktivitetsprogram – men me lovar at du skal finna litt av kvart å velja mellom.

Dei siste åra har me brukt store midlar på å leggja til rette for vandre- og sykkelaktivitetar med utgangspunkt Dalalåven. Me har opparbeidd og merka stiar, og me har bygt ein flott pump track like ved Dalalåven.

Me er utruleg heldige her ved Sogndal Skisenter. Om vinteren får me servert store mengder av verdas beste snø, om sommaren har me naturkvalitetar som turistar kjem langvegsfrå for å oppleva. Vakre fjell for fotturar, ei rekkje fjellvatn der du kan fiska aure, og eit dalføre med gardsbruk i full drift. Ja, på Anestølen er det til og med levande stølsdrift.

Sogndalsdalen er ei levande perle, byr på vill, vakker og velstelt natur – og kort veg til Sognefjorden. Midt i denne flotte naturen finn du oss, Sogndal Skisenter.

Velkomen til gode sommaropplevingar hjå oss!

Forrige
Forrige

Sommar i Hodlekve

Neste
Neste

Takk for vinteren 22/23