Like før.
(Statusoppdatering 8. desember)
Er det no det skal skje?
Det har snøa ein god del denne helga. Og meir er i vente.
I dag søndag har me hatt alle trakkemaskiner i full drift. Me køyrer no utan fres på maskinene, kun for å presse mest muleg snø saman slik me får ein god sole.
Alpint
Om vêrmeldingane blir som dei syner ( pr. 8 des.) for den kommande veka. Så har me særs store forhåpningar om å kunne opne store delar av alpinløypene og trekka våre, laurdag 14 desember. Det er heilt klart eit reelt mål for oss no. Me har god tru.
Følg med i våre informasjonskanalar for fortløpande oppdateringar. Me melder frå umiddelbart me har noko konkret.
Langrenn
Natt til mandag 9. desember vil me prøve å få køyrt opp langrennsløypene med trakkemaskin. Og at i allefall 5 kilometeren skal kunne vere klar mandags ettermiddag. Til no har me kun køyrt opp med scooter. ( ny oppdatering kjem mandag).
Men det ser lovande ut so langt.
Det har for alvor byrja å fylle seg opp med hyttebookingar denne vinteren. Ein bør ikkje vente for lenge har ein nokre spesielle datoar i sikte. Du finn hyttene me formidlar ved å klikke her: AIRBNB
Våre webkamera finn du her: WEBKAMERA
Er det no det skal skje?
Slik såg det ut i kveld på toppen av Holentrekket. Også første gang den nye trakkemaskina klatra til topps: