Sesongopning 14. desember

Gode forhold gjev sesongopning i Sogndal Skisenter.

Alt er klappa og klart for sesongopning kommande laurdag 14. desember kl. 10.00.


Det er om lag 50 cm. snø i terrenget kring Rindabotn mandag 9 desember, og endå meir snø er det meldt ut i veka.

– Etter utbetringane me har gjort framfor sesongen så haustar me no fruktene av dette, ved at me kan opne opp på mindre snø enn tidlegare.  No er det nok snø og gode forhold,  seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes.


I første omgang så er det Holentrekket og Toyotatrekket, begge i Rindabotn, som opnar.  

– Me har meir enn nok snø til å starte opp desse to trekka no. Forholda  er veldig bra. Det skal heller ikkje så mykje meir snø til for at me også opnar opp Kalvavatni.  I gamletrekket må me ha litt meir snø før me startar opp. Men det vert gjort ei fortløpande vurdering på dette sjølvsagt. 


Holentrekket framstår mest som ein heilt ny nedfart etter utbetringane i sommar.

– Dette er den nye hovudtrasséen vår, og den som får mest fokus ei stund framover. Den har no ei snittbreidd på 45 meter og er blitt bakkeplanert slik at me kan preparere på eit mykje tynnare snølag enn tidlegare, fritt for stein, mest som ei golfbane. Toyotatrekket stod ferdig i fjor, og har allereie synt seg som ein topp og populær lågterskelnivå-bakke.   


I tillegg til opninga av bakkane er det allereie gode forhold i langrennsløypene.

– Me har allereie køyrt opp 5-kilometeren og 10-kilometer. Me har sjølvsagt opent i Dalalåven når skisenteret er opent, og det samme er Intersportbutikken.   Det er utruleg viktig for oss å komme i gang så tidleg som muleg, så endeleg kan me ha fokus på løyper og vinterdrift. Me gler oss til å komme i gang. 

Ynskjer du å leige hytter i opningshelga så finn du eit utval her: AIRBNB

Kafèen i Dalalåven er open både laurdag og søndag når skisenteret er opent. Legendekakakoen er på plass saman med anna snop og bakst. Vel møtt innom vår nye storstove. Intersport sin skiutleige, finn du også i “laoen”. Viste du foresten at Intersport Sogndal no er blitt testsenter for skimerket Head? Hjå dei får du det ypperste på skifronten. Dei leiger ut bakkeski, rando, pulk, barneski, langrennski, hjelm, støvlar og stavar.

Vel møtt til ein ny sesong hjå oss i Sogndal Skisenter Hodlekve !

Klar: Dagleg leiar Per Odd Grevsnes og Driftsleiar Kim Andre Navarsete, er klar for opning laurdag 14. desember.




Mandag 9. desember ein fin start på veka.



Forrige
Forrige

Informasjon om sesongopning 14. desember

Neste
Neste

Like før.