Statusoppdatering 6. desember


Hei deg,

Her får du ein kjapp status frå oss 6. desember.

Det går  sakte men sikkert mot sesongopning her i Sogndal skisenter.
Litt for sakte meiner nok dei fleste.

Meir snø

Me får mange spørsmål no om dagen, om når skisenteret opnar. Det forstår me godt. Det kriblar kraftig etter å komme i gang med sesongen no. Men endå er me avhengig av meir snø.  

Yr, sine meldingar for den kommande veka er  lovande slik dei ser ut no. Men er kun tida som vil vise.

Snømengda no

Me gjer fortløpande vurderingar utifrå snømengd. Og oppdaterer informasjon med ein gang det er nytt å melde. På det jamne har me om lag 30-35 cm. med snø i øverste delen av anlegget. Nede ved Dalalåven opp mot 20 cm når me skriv 6. desember. 

Neste veke?

Det er meldt kaldare og endå meir snø den kommande veka.  Det treng me. Mildvêret siste dagane har gjort forholda og opning av langrennsløypa litt meir utfordrande. Me vil gjera ei ny vurdering når me kan preppe den, søndags kveld eller mandag f.k. Den får kvila og sette seg denne helga.

Dalalåven i helga

Enn so lenge me ventar på meir snø, så kan me minne om at Dalalåven har opent laurdagskvelden frå kl. 21.00. 18 års grense, gratis inngang. 

Søndag er det finaledag i Farmen, på TV2. Agna er vår nærmaste nabo, og Dalalåven opnar dørene  og sler på prosjektoren. Me har trui på ein aldri så liten folkefest den kvelden. Kaféen er open og  alle er velkomne, det er gratis inngang. Lise sin Hodlekvekakao er klar saman med vaniljehorn, gløgg og heit suppe. Vel møtt liten og stor. 

Test av dosering i Holentrekket, fredag 6. desember.

Vikheimen på sesongens første “topptur” 6. desember, med trakkemaskina.

Forrige
Forrige

Like før.

Neste
Neste

Ny arbeidshest på garden