Ny arbeidshest på garden

4. desember fekk Sogndal Skisenter levert ny trakkemaskin frå PistenBully og Antra AS.

Den nye maskina er ei PistenBully 600 Park, levert frå Antra AS. Ein leverandør som har levert over 900 maskiner i Noreg sidan oppstarten i 1972. Sogndal Skisenter har to PistenBully maskiner frå før. Så nykomlingen føyer seg fint inn i rekkja av solide arbeidsmaskiner.

Driftsleiar Kim Andre Navarsete er glad for at maskina no er på plass. Perfekt timing framfor sesongstart.

– Valet vårt fall på ei PistenBully 600 Park, fordi det er ei driftsikker og allsidig maskin. Det som var viktig for oss at dei som skal køyre den trivst i jobben dei skal gjera. Eit betre arbeidsmiljø, komfort, mindre støy, og betre ergonomi. Det blir mindre slitasje og reperasjonar på ustyr. Me har mykje meir forutsigbare kostnader, lågare drivstoffkostnader. Motoren er ein av dei med minst utslepp. Maskina har mykje større kapasitet på antal kvadrat pr. time enn kva me har hatt nokon gong tidlegare. Totalt eit betre resultat for sluttbrukaren. Ei maskin for framtida.


Med auka drift, større områder å tilrettelegge vert også fokuset endå meir retta mot sikker drift og betre sluttprodukt.

– For meg som dagleg leiar er det viktig at me har påliteleg utstyr som kan gjere jobben. Dette er den første nye trakkemaskina i Hodlekve. Då også eit symbol på at me går over frå å kjøpe brukte maskiner til nye. Det betyr meir driftsikkerheit, trivelegare og tryggare arbeidsplass. Me veit at me kan levere eit betre produkt til våre kundar i åra som kjem. Noko som forsvarar investeringa på om lag tre millionar kroner.

Samtidig er nye maskiner meir miljøvenleg, brukar mykje mindre drivstoff til å gjer same type jobb. Ambisjonsnivået til skisenteret er å gå til innkjøp av nye maskiner i framtida, seier Grevsnes.

– Hodlekve har utvikla seg til å bli eit anlegg med fleire opningsdagar, det betyr også mykje meir drift på maskiner og utstyr. Me sparar inn store utgifter berre på dieselforbruk. Me har ambisjonar å vere heilt i toppen når det kjem til tal opne skidagar på vestlandet i framtida. Eit steg om gangen, PistenBully 600 Park er eit av desse. Me gler oss til å sjå resultatet når me skal evaluere maskina sin første sesong hjå oss.

For spesielt interesserte kan ein lesa meir om spesifikasjonar m.m. her: PistenBully





Odd Ivar Hemstad og sjåfør Adrian Krohn Tøien er begge klar for ein ny og lang vintersesong.


Klar til dyst. PistenBully 600 Park. Sogndal Skisenter sin nye arbeidshest allereie godt skodd og klar for snøen.

Handshake for snow. Odd Ivar Hemstad og Kim Andre Navarsete.

Forrige
Forrige

Statusoppdatering 6. desember

Neste
Neste

Det snøar endeleg hjå oss.