Informasjon om sesongopning 14. desember
Då er me endeleg klare!
Laurdag startar me opp kl. 10.00
Det er berre Holentrekket (Rindabotn) og Toyotatrekket (barnetrekket i Rindabotn) som går den første opningshelga i år.
Me kan melde om gode forhold!
Det er forventa mykje folk på vitjing, så ver venleg å parker med omsyn og tett, (hugs gyldig parkeringskort).
Heiskort og parkeringskort er opent allereie frå kl. 09.30 i Intersportbutikken i Dalalåven.
Dalalåven er open frå 10.00 - 16.00
Der finn du servering i kaféen, og eit nytt leikerom står klar, om dei minste ynskjer eit avbrekk frå bakken.
Skibussen går frå Sogndal Skysstasjon kl. 11.00 med retur frå Rindabotn parkeringa kl. 16.00
Skiutleige og leige av skihjelmar m.m. finn du i Intersport sin butikk i Dalalåven.
Me minner også om alpinvettreglar når ein køyrer i preparerte løyper.
Skal ein ut i terrenget så er det på eige ansvar. Ta omsyn til skredvarselet på varsom.no og gjer fornuftige vegval.
10-kilometer langrennsløype er nypreparert.
Me har også køyrt opp løype til Høgehaug med scooter, sporsetter og glattebrett fredag kveld.