Ope kvar dag
Frå og med i dag, 2. januar 2023, har me ope kvar dag heile veka frå klokka 10-16.
I tillegg har me ope for kveldskøyring i Neumanntrekket og barneheisen under SIL-hytta tysdag, torsdag og fredag kl 17-20. Me er stolt over å kunna tilby deg 51 timar med heisdrift for veka!
Som hovudregel er langrennsløypene ferdig preppa til klokka 10 i helgane og kl 17 elles i veka. Akkurat no er det strålande forhold for dei som vil gå langrenn. 10-kilometeren er preppa og spora, og med dei stabile vêrforholda som er no er det tilnærma trikkeskinner døgnet rundt.
Fjelløypene køyrer me i helgane så sant snø- og vêrtilhøva tillet det.
I Dalalåven er opningstidene våre 10-16 kvar dag. Her byr me på god mat og drikke, og håpar du vil testa ut årets meny. Intersport-butikken har same opningstider. Her kan du leiga ski av alle typar, kjøpa heiskort, og her kan du også handla ulikt utstyr til skituren.
SIL-hytta er open kvar helg og når me har kveldskøyring. Her er det fint å varma seg og nyta nistepakken sin. Det same er det i Mini-Dalalåven i Rindabotn, som er open kvar dag. Elles minner me om dei tre gapahukane langsmed Grøn løype til fri bruk heile året.
Velkomen til oss!