Skibuss laurdag og søndag
Det går skibuss frå sentrum til skisenteret kvar laurdag og søndag.
Rutetabellen er enkel: Avreise frå Helgheim (Sogndal Folkehøgskule) klokka 09:55, skysstasjonen Kl.10:00, Elvatunet kl.10:02 og Ingafossen kl.10:05 til Rindabotn. Retur frå Rindabotn klokka 16:00 med Helgheim som siste stoppeplass.
Billettprisen er 20 kroner kvar veg, og me håpar dette er eit tilbod mange vil nytta seg av. Tradisjonen med skibuss til og frå Sogndal Skisenter er lang, men dei seinare åra har det vorte færre og færre passasjerar – så få at skibussen gjekk med dundrande minus og måtte parkerast.
I haust vart det teke initiativ frå elevar ved Sogndal folkehøgskule om at me måtte få på plass att skibussen. Dette set me sjølvsagt stor pris på, og håpar at flest mogleg vil nytta seg av dette miljøvennlege og sosiale tiltaket.
Håpet er sjølvsagt at tilbodet vert såpass mykje nytta at me får skibussen tilbake som eit fast tilbod. No rullar den kvar laurdag og søndag fram til påske. God busstur!
PS! Skibussen må ikkje forvekslast med Laussnøekspressen (biletet). Sistnemnde går frå Selseng og plukkar opp skikøyrarar langsmed riksveg 5 dei dagane me meiner det er grunn til å slå laussnøalarm.