1.januar har me ope i Holentrekket og Toyotatrekket frå 11-16

Godt Nytt År! Og takk til alle venner og gjester for eit strålande 2022! Det nye året startar med minusgrader og gnistrande føre, sola er framme og preppemannskapet rapporterer om strigla bakkar. Me startar året litt roleg. I dag er dei to skiheisane Toyota-trekket og Holen-trekket opne frå kl 11-16, det same er Dalalåven. I 5-kilometeren til langrennsfolket er det nypreppa. PS! Frå og med i morgon og fram til over påske er opningstidene våre 10-16 kvar dag.

Forrige
Forrige

Ope kvar dag

Neste
Neste

Årets siste dag byr på varierande vêr- og føreforhold