OPE 21-24 MAI

Aldri før har me hatt ope så seint i Mai, men dette blir siste helga me har “sommarope”.

Sjølv hjå oss merkar me at sommaren bankar på døra.

Me har enno godt med snø. Så no har de høve til å køyre heisbasert i slutten av mai.


Alle som har hatt sesongkort denne sesongen, kan få kjøpe dagskort til eithundre og femti kroner, då alle sesongkorta er gått ut av systemet. For andre gjeld vanlege prisar.

Parkering er også slik, årskort gjeld sjølvsagt endå. Med dette så håpar me at me greier å få inn litt av kva dette kostar oss ekstra. 

Også denne helga kjører me trakkemaskin til Høgehaug. Viste du at kvar tur kostar oss om lag to tusen kroner?

Vipps oss gjerne 50 - 200,- om du tek turen.

Vipps #85540

Elles vil hygienereglar vera som føregåande helgar, i samsvar med FHI sine retningslinjer.

Ein svært spesiell sesong går mot slutten.

Takka vere lån frå Sparebanken Vest og Sogndal kommune, “ står me han av”.

Me kan derfor vera trygge på at me kan ynskje dykk alle velkomen til ein ny vintersesong kring desember.





Forrige
Forrige

Anestølen ventar på deg

Neste
Neste

Historisk mai-ope i Hodlekve