Anestølen ventar på deg
Badnakonao løftar meir og meir på den kvite stakken sin. Det er snøgrensa som sakte men sikkert kryp oppover.
No er det flott å ta turen langsmed Anestølsvatnet, anten om det er sykkeltur, ruseltur eller fisketur. Skituren må du litt lenger for å nå. Men etter å ha løyst bomavgifta køyrer du berre fram til stølen. Det er ikkje lange beten med anmarsj før du kan trakke i skibindingane. Det er inn Langedalen og opp Sogndalseggi som no har fantastiske snøtilhøve. Topptursesongen i Sogn er på langt nær over.
Fiskekort og bompengar kostar ikkje mykje til ei perle som berre ligg og ventar. Inne i langelangedalen og opp til Sogndalseggi er der fortsatt mykje snø for skihungrige fjellfolk.
Hytte med nær tilgang til all denne herlegheita har me her i Hodlekve: AIRBNB
Fiskekort for Anestølsvatnet og Dalavatnet kan ein kjøpa via VIPPS ( NR 519321)
Prisar:
Dagskort: 100,-
Vekeskort: 200,-
3-vekerskort: 300,-
Årskort: 450,-
Kinderegget Sogndalsdalen der altså. (Alle foto: 7. juni)