Historisk mai-ope i Hodlekve

På ski på nasjonaldagen?

Sogndal Skisenter Hodlekve skriv sesonghistorie

SLUSJFEST I BAKKEN - Opent 9-10 & 16-17 mai - STRØKNE FORHOLD


Med gode tilhøve i bakkar samt fortsatt metervis med snø i fjellet, er det ikkje anna å gjera hevdar driftsleiar Kim Andre Navarsete.

 – Det er altfor god snø til å ikkje kunne bruke meir av den. For dei skihungrige så er det berre å setta av datoane  9, 10, 16 og sjølvaste 17 mai. Verdsmeisterføre er slusjføre, det er berre å smørja seg inn med solkrem og spenne på seg skia, klar tale frå Navarsete.

– Vel møtt til «Hodlekve Sommarski», seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes, som herved skriv historie for skisenteret med opent skisenter også på nasjonaldagen. 

I følgje Grevsnes har Sogndal Skisenter allereie tapt mykje pengar denne sesongen grunna Koronasituasjonen. Ein ser heller ikkje den store økonomiske vinninga med å halde opent no i mai.

– Me går nok på eit durabeleg tap på langt over tre millionar kroner under budsjett i år. Me vil nok  heller ikkje tena så mykje på og halda ope desse to helgane heller. Men med dei snøtilhøva me no har så er det vanskeleg å lata vere. Men dette kostar oss, me vel uansett og hoppa i det, me håpar flest mogleg tek turen på ski. Forholda er jo fantastiske. Det er nesten shorts og bikiniføre. Vårslusjen er for dei fleste tett opp til dunsnø å rekna i køyrekvalitet. seier han og legg til: 

–  I tillegg har me besøk av fleire alpinklubbar som nyttar dei gode forholda til å legge startgrunnlaget for neste vintersesong.  Me føler også litt på ansvaret me har for å levera og legge til rette. 

Med det meiner han at ein må snu seg rundt etter måten å tene inn litt av dei ekstra utgiftene.

– Me løyser det slik at alle som har hatt sesongkort denne sesongen kan få kjøpe dagskort til eithundre og femti kroner. Då alle sesongkorta er gått ut av systemet. For andre gjeld vanlege prisar. Parkering er også slik. Årskort gjeld sjølvsagt endå. Med dette så håpar me å greie å få inn litt av kva dette kostar oss

Skisenteret vert opent 10 til 16 laurdag og søndag dei to kommande helgane i Rindabotn, der også barnetrekket er opent. Langrennsløypene vert ikkje preparert meir denne sesongen då varmen har teke for hardt lenger nede i dalen, men for turfolket så kjem ein seg fint til Høgehaug og rundt Fjærlandssete.  

– Kvifor ikkje ta ein test på den kommande Noregsferien? Me har fleire ledige hytter, det er ikkje feil å ta nokre flotte snørike vårskidagar hjå oss no, avsluttar Grevsnes.  Navarsete er samtstemt og legg til:

– At Hodlekve er eit snøhol kjem ikkje som noko bombe, men at me i år kan tilby skikøyring til midten av mai er berre litt meir spesielt og veldig gledeleg, ein stor bonus for oss og alle andre som ynskjer fortsattt flotte maidagar på ski.

Me ber om at alle besøkande syner omsyn til den pågåande koronasituasjonen og føl dei restriksjonane som er  lagt til føring for smittevern. 

Alle skal nytte hanskar og ein skal halde 2 meter avstand til andre. 

Ein skal kun køyre ein og ein i skitrekka om ein ikkjer er i same husstand. 

Vel møtt til tidenes vårskikøyring i Sogndalsdalen. 





Luftig vårskikøyring i Rindabotn for eit par veker sidan, ser ikkje feil ut dette. No har du mulegheiten til endå nokre kvalitetsdagar på ski. Kvifor ikkje nytte andledninga til avslutte sesongen med stil ?



 


Forrige
Forrige

OPE 21-24 MAI

Neste
Neste

Vel møtt til fantastiske dagar på ski