PUDDERALARM OG LAUSSNØEKSPRESS
Laussnøekspressen går søndag 24. januar
VIKTIG INFO:
Det er gode tilhøve øverst i skogen no
Og allereie mykje folk som på eige initativ organiserer transport.
Dette medfører trafikale utfordringar ved riksvegen, derfor vert det sett opp laussnøekspress søndag.
I SKOGEN OG VED RIKSVEGEN:
I Skogen er det meget gode forhold i øverste del, litt tung snø og tynnare snølag i nedre del av skogen . Dette tilseier at ein må syne stor aktsemd i forhold til underlaget, og all ferdsel utanfor preparerte løyper er på eige ansvar! Minner også om skredfare i skredterreng. Trygge vegval, kunnskap, rette vurderingar og førehandsreglar. Bruk varsom.no, som ein del av turplanlegginga di: https://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Indre%20Sogn/
Ein skal også syne stor aktsemt ved riksvegen, bussen stoggar kun på busslommane.
Må ein ta seg fram til busslommane når ein er komen ned skogen, skal ein gå opp på brøytekantane og god ut av riksvegen. Det er 80 km sone langs heile strekket, og det er glatt vinterføre! Så ein skal under ingen omstende gå ut i riksvegen!
KORONAREGLAR OG INFO LAUSSNØBUSS:
I høve Koronasmitte så er det påbod om maske ombord på bussen, har ein ikkje masker sjølv, så kan ein kjøpe dette når ein kjem ombord.
Maskene kostar kr. 20,- Betal til VIPPS: 640462
Bussbillett kjøper ein ombord, bussen har kortterminal.
Grunna smittevernomsyn er det begrensa plass ombord.
Me ber alle som reiser i lag også sit saman, slik ein får plass til flest mogleg.
Ein skal ha maske på under heile bussturen. Og ein skal ikkje byrje ta av seg kle/utstyr, eller ete nistepakke m.m.
Sogndal Skisenter er i fortløpande dialog med kommunehelsetenesta og vurdering kring smittefare/vern.
Utifrå dei tiltaka som er nevnt ovanfor så er det grunnlag for sikker transport.
Me vonar du også vert med på dugnaden og saman bekjempar me Koronasmitten.
LAUSSNØBUSS PRIS OG TIDER:
Enkeltbillett 100,-
Dagskort 150,-
STARTTIDER FRÅ SELSENG:
11:00
12:00
13:30
14:30
15:30