Årets siste dag byr på varierande vêr- og føreforhold

God morgon! Årets siste dag byr på varierande vêr- og føreforhold. I nedre del av alpinanlegget vårt har det regna i natt, medan det i øvre deler har kome om lag 20 cm snø transportert av sterk vind. Ifølgje vêrmeldarane skal det bli minusgrader og snøa utover føremiddagen. Fire av fem heisar og Dalalåven opnar klokka 10, saman med ferdig preppa 5-kilometer i langrenn og morgonpreppa nedfartar. Til deg som likar det veldig bratt: Varsom.no melder om «betydeleg snøskredfare» (nivå 3) her i Sogn den aller siste dagen i 2022. Velkomen til oss!

Forrige
Forrige

1.januar har me ope i Holentrekket og Toyotatrekket frå 11-16

Neste
Neste

20 cm nysnø i natt !