Her finn du den gode vinteren


Hjå oss har me ope kvar einaste dag fram til og med 1. mai. Me garanterer gode vinteropplevingar.

Berre to timar frå Florø, ein god time frå Førde, enklare vert det ikkje for sunnfjordingen å finne snøen!

 

Drøymer du om ein god, gamaldags vinter med mykje snø? Her i Sogndal Skisenter har me nettopp det.

Det er ikkje utan grunn dei seier me har verdas beste snø her i Sogndalsdalen. Det handlar om klima og nærleik til Jostedalsbreen.

Dei djupaste dagane

Sjølvsagt går me også og trippar når haust går mot vinter og sjekkar vêrmeldarane sine langtidsprognosar titt og ofte. Av og til må me venta i lengste laget, slik som denne sesongen då det gjekk mot jul før me kunne opna heisane våre.

 

Men når vinteren først er komen, så har me den lenge. Me har hatt ei knallopning på inneverande sesong.

 

GØNNERØNN

Heisbasert frikøyring er ein del av kvardagen hjå oss!

Kva er vel betre enn ein fin ettermiddag på gneistrande føre saman med gjengen din?

Me er kjende for lett tilgjengelege toppturar med nedkøyringar i alle himmelretningar. Og ikkje minst er me kjende for den gode, djupe laussnøen. I anlegget er det om lag 200 disponible senger til utleige fordelt på hytter og leilegheiter i den koselege fjellandsbyen vår, dei fleste med ski in/out. Ta kontakt om du ynskjer meir info eller booking. (Foto: Nesbø)

Anlegget vårt er familevennleg og tilpassa alle dugleiksnivå, uansett kva type ski du likar deg best på. I alpindelen har me fem skiheisar med seks preparerte nedfartar. To av skiheisane er bygde for barn og lågterkselbruk. Me har kilometervis med preparerte  fjelløyper i variert terreng og ein flott langrennsarena som vert preppa kvar einaste dag.

 

Dei klåre dagane, med utsikt til innsikt. Heisbasert topptur? Ja veldig populært, frå toppen av Rindabotn-trekket er det kort veg til Blåfjellet. Fjellet for alle. For nybyrjar, eller for ein kosetur. Slake nedkøyringar, men også bratte utfordringar ned Kuped´n. Les deg opp å forstå føremeldingar på varsom.no før du legg i veg.

Møteplassen vår Dalalåven har ope kvar dag 10-16, og i helgane 10-18. Her kan du sløkkja tørste og eta deg god og mett på både kald- og varmmat, og me har eoige leikerom til dei minste. I Dalalåven har me også Intersport-butikk med skiutleige. Treng du skiinstruktørar eller guidar, ta kontakt så let det seg sikkert ordna.

 

Ti-tolv minutt i bil, så er du i sentrum av Sogndal med butikkar av alle slag, restaurantar, pubar, kino, treningssenter og eit av landets flottaste klatre- og buldreanlegg i Sognahallen.

 

Du, familien og vennene dine er hjarteleg velkomne til oss. Ta gjerne kontakt med oss på e-post eller telefon om du har spørsmål.

 

Frå Florø er det knappe to timar køyring, så er du her ved Sogndal Skisenter.

Ein god time, så er du som bur i Førde her. Frå Bergen til Sogndal reknar me om lag fire timar, frå Oslo til Sogndal fem-seks timar i bil. Frå Bergen kan du også ta ekspressbåt, buss og fly. Frå Oslo er det ekspressbuss eller fly som er alternativa om du ikkje køyrer bil.

 

Velkomen til oss!

 

Mykje god stemning i det lokale akemiljøet mellom hytteveggane i Hodlekve. Book hytte her: HYTTEUTLEIGE

 

Holentrekket er T-kroktrekket som tek deg opp i Høgfjellet. Her har ein mulegheit til å køyre preparert løyper eller ta seg ut i terrenget. Heisbasert frikøyring er undervurdert, den beste  finn ein her i Sogndal etter eit realt snødump. Ofte når det er best snøforhold er det også kvitt i lufta. “Whiteout” er eit kjendt fenomen mange stader, som øydelegg sikta for dei beste linjene.

Men ikkje i så stor skala hjå oss. Djupe dagar på puter mellom fjellbjørker som referansepunkt, opnar opp for knall skikøyring sjølv om det er overskya. Ein må ikkje gløyme den perfekt preparerte løypa med ei snittbreidd på 45 meter Ein tek også Holentrekket for å komme opp i Kalvavatnitrekket.

Kalvavatnitrekket er T-kroktrekket som er blitt den store familiefavoritten. Dei to løypene ned er perfekt for barnefamiliar der borna liksom har vakse seg ut av barnetrekket. Hellinga i bakkane er ikkje for bratt og ein har fin utsikt. Med fleire mulegheiter for fin nedfart.

Toyotatrekket er barnetrekket i Rindabotn. Det er her dei små lærer sine første svingar. Det er nok også her meistringsgleda er størst, sjølv om bakken er minst. Det er her ny kjærleik til ski og skiglede blir skapt. Trekket ligg i umiddelbar nærleik til Dalalåven. Der finn ein leikerom, kafé slik er det meget kort veg til ei fortent pause. Ein fortent kakao og ei vafle eller dagens kortreiste utvalde frå menyen.

Hodlekvetrekket er pomatrekket. Det var her det heile starta for oss på 70 talet. Pomaheisen går traust kvar ein vinter, den blir snart 40 år. Standhaftig står den der og dreg oss opp tur etter tur. Ingen har lagt so mykje til rette for rein og pur skiglede som gode gamle“pomaen”.

Hodlekvebarnetrekk ligg vis á vis Hodlekvetrekket, dette er den gamle barnebakken vår men den er alikavel i full drift den dag i dag. Her har mang ein barnefot tatt dei første svingar til å bli ein ekte laussnøhund. I Hodlekvetrekka finn ein også kveldskøyringa. Tre dagar i veka frå kl. 18-21. Tysdag, torsdag og fredag.

 

Elg i soloppgang. Trygg Lindkjølen høgre enn sola i Hodlekve.

Her kan du sjå litt om hyttene me formidlar utleige på: HYTTEUTLEIGE

 

 

Martin Gilleshammer er ein av dei. “Oppnifolket”

Ettermiddagsturen til Høgehaug på “trikkeskinner”.

Leikeplassen vår, Sogndal Skisenter Hodlekve.

Forrige
Forrige

Skipatruljen vår er sett saman av studentar og lokale.

Neste
Neste

Mildvære før kulda kjem att