Me opnar i alpintraseane
Endeleg kan me starta opp den største skiheisen vår, Holentrekket i Rindabotn.
Klokka 10.00 i dag, 28. desember, sveivar me i gang og kan by på fine nedfartar. For dei som likar seg best utanfor dei preparerte alpintraseane så er rådet vårt at du er litt varsam. Snøen er laus og det er kort veg ned til stein og fjell.
Skitrekka våre i Kalvavatni og Neumanntrekket (den gode gamle Poma-heisen) har ikkje nok snø i heistraseane til at me kan starta opp, men me jobbar med saka. Førebels er det Toyotatrekket (barneheisen) og Holentrekket som går.
Me har køyrt trakkemaskin nokre hundre meter framover fjelløypene, akkurat så langt som me torer utan å øydeleggja utstyr og grava opp mold og stein med belta.
Langrennsløypene er ferdig preppa og ligg klar til både klassisk og fristil.
Viss du ikkje har sikra deg heiskort enno og vil unngå kø, gjer du klokt i å kjøpa dette online.
Dalalåven er open frå klokka 10-16 og byr på varme og god mat. Velkomen!