Fire av fem heisar i sving

I dag startar me opp Neumann-trekket og barneheisen ved SIL-hytta.

Då er fire av dei fem skitrekka våre i drift. Ved heisen i Kalvavatni treng me framleis litt meir snø før me kan trykka på startknappen. 

Løypa frå Rindabotn til SIL-hytta gjennom hyttefeltet er preppa og klar til bruk for dei som vil bruka denne frå hytta si eller mellom heisane.

I alpintraseane til Neumann-trekket, den gamle Poma-heisen, har me trakka fire-fem trakkemaskinbreidder. Her kan det stikka opp litt kvistar og røter nokre stader, så ta omsyn til dette når du susar nedover.

I langrennsanlegget er det stor aktivitet både seint og tidleg i 5-kilometeren. Me treng litt meir snø før me kan preppa og klargjera 10-kilometeren.

Det same gjeld for fjelløypene våre: Her trengs det meir og fastare snø før me kan køyra tunge trakkemaskiner lenger oppover. Det har vore mykje vind oppe i fjellet, så ta omsyn til dette både med tanke på skredfare og stein og fjell som berre så vidt er dekka av snø.

Skal du ut i brattare terreng er det alltid klokt å lesa dagens skredvarsel på varsom.no og både planleggja og gjennomføra turen i samsvar med dette.

God tur!

Forrige
Forrige

20 cm nysnø i natt !

Neste
Neste

Me opnar i alpintraseane