2. Juledag og 7 cm nysnø i natt.
Her har det dala ned 6-7 centimeter snø i løpet av natta. Dalalåven og Toyotatrekket (barneheisen) er ope 10.00 -16.00– og me stiller med nypreppa 5-kilometer i langrennsløyper. Langrennsløypene er dyre og preppe og me set stor pris på, om de som nyttar desse , kan gi oss ei lita romjulsgåve på: Vipps #85540 eller konto nr. 3720.07.26341
Når det gjeld dei store skitrekka nærmar det seg opning, men me må ha litt meir snø før dei kan sveivast i gang. Me håpar vêrgudane held det dei lovar det nærmaste døgnet...
3. Juledag kl 20.00 opnar me dørene i Dalalåven for fest og konsert med IVORY. Me sel bilettar i Dalalåven - Velkommen !