LAUSSNØEKSPRESS OG PUDDERALARM
Bonanza og sikkerheit!
Grunna store snømengder og magiske forhold, kan ein melde om pudderbonanza kring Skisenteret!
For å sikre ei trygg trafikkavvikling set me opp 2 laussnøbussar på laurdag.
Me ber innstendig alle som har tenkt seg i skogen om å ikkje nytte privatbilar grunna trafikkkaos og glatte vegar.
TA LAUSSNØEKSPRESSEN!
Me har hatt speidarar ute borte i skogen, i dag fredag.
Dei melder om særs store laussnømengder i øvre del av skogen, godt over ein meter nysnø (snorkelføre)!
Det er ein særs tyn sole nederst/lenger nede, og med nysnøen opp på er det fort det stikk opp stubbar og ein må syne omsyn ift hekting. Køyr med vit!
Når ein kjem ned til vegen, så SKAL ein ta seg fram på vegskuldra og ikkje på vegdekket, til næraste busslomme. Bussen stoggar kun på busslommane.
Ta omsyn til skredfare, køyr trygge vegval, bruk hjelm og skredustyr, ikkje køyr åleina.
Det er påbod om maske ift. korona-smittefaren. Bussjåføren er sjef og du skal lye.
Bussane tek berre 30 personar kvar, derfor set me opp to bussar. Dei går i shuttel med første tur kl. 11.00 frå Selseng. til siste buss kl 15.30
LAUSSNØBUSS PRISAR
Enkeltbillett 100,-
Dagskort 150,-
Du kjøper billett på bussen. Det er påbod med maske grunna smittfare.
Start tid frå Selseng:
DAG: Laurdag
11.00 12:00, 13:30, 14:30, 15:30 ( siste buss frå Selseng)