Søndag og sol!

Lårdjup laussnø, sol, og strigla turløyper.

Kinderegget Hodlekve frå si beste side, og det i april!

Ein søndag som dette?

Det kan ikkje bli betre.

Det er ei magisk helg! Og du rekk fortsatt det beste, det blir søndag!

Berre sjå kva yr.no seier

Det er meldt strålande sol, det er strålande forhold, me lyg ikkje når me seier at:

DEN BESTE DAGEN I SESONGEN ER SØNDAG !

Eller dette?

Folk på Torstad borte, høyrer gledeshyla frå laussnøbikkjene som kjem dansande ned Kokstadskogen i lårdjup laussnø. Laussnøekspressen shutlar heile dagen. Me repeterer dette søndag også. Lausnøbussen går om det ikkje vert streik ( det veit me sikkert ved midnatt)

Søndag vert ein magisk dag til Høgehaug, blå himmel og Jarle har lova oss nypreppa løyper på morgonen, du treng berre hugse på å bruka solkremen!

Langrennsløypene får seg ein makeup også på søndagsmorgonen.

Og i Dalalåven får du fylt på energien din med kakao, vaflar, pulled pork, kaker chiabatta og mykje anna snadder. Me riggar også utekiosken for dei som ynskjer å halda seg ute.

Ein søndag i skogen som dette?

Avslutt vinteren med stil, avslutt vinteren med ei smil.

Me har ope 10-16 søndag.

Vel møtt, du vil ikkje angre!

Laurdag 10. april: Me toppar det med Supersøndag. Sjekk yr.no kom deg ut. Me er her og ventar på deg.













Forrige
Forrige

Påbod om hjelm i skitrekket!

Neste
Neste

LAUSSNØEKSPRESS OG PUDDERALARM