Informasjon kring Covid-tilfelle, oppdatert pr. 7. april
Oppdatert info pr. 7. april:
Det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte tilknytt den tidlegare smitta i Dalalåven.
– Det er ingen nye nærkontaktar kring dette tilfellet. Personar har vore i karantene og dette er slikt som då kan skje, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø i Sogndal kommune.
Han stadfester at personen som no er smitta, har tilknyting til smittetilfellet i Dalalåven i påska.
– Det er ikkje snakk om nye nærkontaktar og smittesporinga er gjort, seier Husabø.
Smittetilfellet har oppstått i etterkant og i karantene.
Ein tilsett hjå Dalalåven har laurdag 3. april fått påvist Covid-19.
Smittevegen til vedkommande er kjend, og alle tilsette som har vore på arbeid med vedkommande har blitt testa. Desse personane har så langt testa negativt på hurtigtest.
Det kommunale smittesporings-teamet i Sogndal kommune føl opp situasjonen vidare.
Dei som har vore i Dalalåven perioden 1 og 2 april og har lette symptom, blir oppmoda om å teste seg.
Dalalåven er stengt til og med 2. påskedag.
Skisenteret er opent som vanleg frå kl. 10.00-16.00
Me oppmodar alle gjester til å følge dei smittevernreglar som gjeld for anlegget, samt følge retningslinjer som til ei kvar tid er gjeldande.
Sogndal skisenter føl smittevernstiltak for alpinanlegg som er på nasjonalt plan, du kan lese om dei her: SMITTEVERNSTILTAK
Les meir om timebestilling her: C19.no