Kom mai du skjønne milde

Vel møtt til fantasiske vårdagar på ski.

Me utvidar opningstida og held opent 1-2-3 mai

Det vert Toyotatrekket, Holentrekket og Kalvavatni som er opent.

Opningstid alle dagar 10-16

Bård Dalen i aprilmodus. Slusjfest for folk flest. Den beste tida i lufta og på bakken. Slik var det forrige helg.

Og sjølvsagt har me opent 25 og 26 april.

Fleire hevdar det er den beste tida for skikøyring, me er ikkje ueinige.

Føret er perfekt, me har fortsatt store mengder med snø i fjella. Med kalde netter og varme dagar held snøen lenger, og for ein herleg snø me har. Herleg slusjføre gir verdsmeisterføre. Hugs berre å smørja inn nasetippen med ein solfaktor som høver deg.


Vel møtt !



Familieidyll er aprilidyll. Våren er til for og nytast. Rindabotn er det beste og enklaste utgangspunktet for dei beste turopplevingane.

Forrige
Forrige

Sesongkortet gjeld til og med 3. mai

Neste
Neste

Me har ope 25 og 26 april