Sesongkortet gjeld til og med 3. mai
Sesongkortet for skitrekka skal gjelde også denne helga.
Då me planla sesongen i haust såg me for oss at siste opningsdagen skulle vere den 29. april. Så vart me nedstengt og utfordringane står i kø.
Me treng dei inntektene me kan klare å tjene. Derfor har me ope også den 1. 2. og 3. mai. Me har rikeleg med snø!
De som har sesongkort er våre beste kundar og derfor vil sesongkortet gjelde også denne helga, sjølv om det står ein anna utløpsdato på kortet.
Nedstenginga frå 12. mars til den 24. april har gitt oss store økonomiske utfordringar.
Fram til no har ingen av støtteordningane frå myndigheitene truffe oss. Me er organisert som eit aksjeselskap med ideel formålsparagraf og med skattefritak. Dermed fell me utanfor dagens støtteordningar. Men me har ikkje gitt opp håpet.
Me vil derfor utfordre alle som kjem til oss med sesongkort denne helga om å vippse oss kr 200,-
Vipps #85540
Elles vil hygienereglar vera som føregåande helgar.
Alle må nytte hanskar i trekket
Minumum 2 meter avstand
Maks grupper på 5 i heile skisenteret sitt område
Berre ein på T-kroken med mindre de bur i samme husstand
Kjøp heiskort online
Du er berre velkommen om du er heilt frisk
Kafeen er stengt
Velkomen!
Beste helsing Per Odd og resten av gjengen.