Me har ope 25 og 26 april

Erfaringane frå denne helga er gode. Det blir derfor ope hjå oss også neste helg. Då vil me ha ope 3 trekk;

  1. Toyotatrekket (Barnetrekket i Rindabotn)

  2. Holentrekket (det store trekket i Rindabotn)

  3. Kalvavatni trekket

Varmestover og Dalalåven vil framleis vere stengt, men me har spurt om det kan vere mogeleg å kunne servere noko ute. Svar på dette får me seinare i veka.

I høve dei tiltaka me sette i verk knytt til hygiene var det få avvik. Me ser at særleg er dei vaksne flinke til å overhalde hygienereglane, medan nokre få av dei unge enno har litt forbetringspotensiale i høve 2 metersregelen seg i mellom.

Me kjem og til å preppe tur og langrennsløyper til neste helg, elles vil me sjå det ann. Oppdatert info om dette finn de på skisporet.no

No er det fantastiske forhold for ein tur med hundeslede ! Fjordhusky har ledige turar denne veka !

Forrige
Forrige

Kom mai du skjønne milde

Neste
Neste

Søndag og og kanonvær !