Alt duka for knallhelg
Me har fått eit solid påfyll med laus snø det siste døgnet – og meir skal me få.
Laurdag opnar me også heisen i Kalvavatni, så då er endeleg alle dei fem skitrekka våre i full drift.
Fredag kveld er det kveldsope frå 17-20 i Neumanntrekket og barneheisen under SIL-hytta. 5-kilometeren i lysløypa er ferdig preppa til klokka 17.
Laurdag og søndag er alle dei fem skitrekka våre i drift frå 10-16. Dalalåven og Intersport sin skiutleige-butikk har same opningstid.
Laurdag og søndag er langrennsløypene nypreppa til klokka 10 om alt har gått som planlagt. Av og til spelar vêr- og snøforhold oss eit puss, men då prøver me å melda frå om dette i mediekanalane våre. Gjer som røynde langrennsløparar og sjekk skisporet.no, der det alltid er oppdatert info om siste prepping av langrennsløypene.
Vêr- og snøforholda er også avgjerande for om me kan køyra preppemaskin i fjelløypa til Høgehaug.
PS! Minner om skibussen som går frå Helgheim (Sogndal Folkehøgskule) 09.55 laurdag og søndag til Rindabotn. Plukkar opp passasjerar på skysstasjonen, ved Elvatunet og Ingafossen på veg framover. Retur frå Rindabotn kl 16.
God vinterhelg og velkomen til oss!
foto: Fredrik Rafteseth