Ladar opp på leikerommet
Det er ikkje berre opningshelg for Sogndal Skisenter. For Mathias er det også første gong på slalomski.
Fireåringen som blir fem i januar (viktig å få med) bur til vanleg i Øvre Årdal, men denne helga er han på vitjing hjå besten og farmora i Sogndal.
Fyrste gong
Når det er opningshelg i skisenteret så må det sjølvsagt prøvast ut.
– Me har kome heilt ut her for å stå på ski. Det er fyrste gong eg prøvar slalom. Det var litt løgne sko å ha på føtene. Men det er moro å stå på ski i lillebakken (Toyotatrekket). Når eg blir større så skal eg stå i dei større bakkane, forklarar han.
Alle som har stått litt på ski veit at det fort kan røyne på for føtene, spesielt små barneføter treng ein pust i frå bakken. Då er andre alternativ kjærkomne.
– I går so var me borte i skogen å aka litt, stod på ski, også var me mykje på leikerommet. Der er det moro, fordi der er så mykje forskjellige leikar og teiknesaker. I dag har me stått på ski, og etterpå står me litt meir på ski når me nett har hatt ei lita pause inne, avsluttar han.
Nytt tilbod
Leikerommet eller aktivitetsrommet er eit heilt nytt tilbod i Dalalåven for born.
Eit tilbod som er meint som eit avbrekk for både born og foreldre.
– Leikerommet er kome til etter eit samarbeid med Ringo Sogndal. Og er meint for å gje eit endå breiare tilbod for gjestene våre. Alle veit at ein heil dag i skibakken kan bli vél lang, spesielt for dei minste. Så at ein kan komme innomhus å styre på litt på eit eige leikerom er med på å legge premissane meir til rette for born og familiar, forklarar Kim Andre Navarsete, driftsleiar i Sogndal Skisenter.
Alle skal få
Han legg til at tilbodet også løyser betre logistikken for skiglade foreldre.
– Mor og far ynskjer jo å stå på ski, vere aktive og oppleva skigleden. Kva er vel bedre enn at alle skal få. Til dømes er borna inne ein time å styrar på leikerommet, så kan foreldrene stå i bakken ein halvtime kvar og slik også får dei rast i frå seg seier han.
Aktiv vinter
Men han legg til at leikerommet ikkje er meint som ein barneparkering.
– Det er viktig at iallefall for dei minste borna, så er der foreldre med å passar på. Me har ikkje oppsyn med leikerommet sjølve. Men me ser allereie no at dette fungerer som det skal. Me har fått utruleg mange gode tilbakemeldingar på tilbodet. Og fleire har sagt at eit slikt tilbod gjer det lettare for barnefamiliane å komme seg ut og i aktivitet. Det er alt me vil.