Driftsmelding oppdatert per 25. mars
Sogndal Skisenter held etter pålegg frå styresmaktene fortsatt stengt inntil vidare, grunna COVID-19/Koronavirus situasjonen i Noreg.
Alle tilsette er tekne ut i permisjon, me ber om at alle spørsmål og henvendingar skjer til epost: post@hodlekve.no
Preparering
Me vil fortsetta å preparere langrenn- og fjelløyper, so lenge me har finansiering og lov til det.
Det hjelper også litt at folk bidreg med frivillig løypeavgift. Stor takk til Idrettssenteret som førre helg var med å bidrog med midlar frå Sprek inn & Sprek ute prosjektet deira.
Løypene vert no preparert på dugnad av dei tilsette, men det er drifta av trakkemaskinene som kostar mykje. Me har søkt Sogndal Kommune om ekstra løyvingar på kr. 100 000,- til drift av trakkemaskiner, resten av sesongen.
Ein kan sjekka når me har køyrt opp løyper på www.skisporet.no
Takk
Førre helg var det mykje folk som nytta løypene våre, tilbakemeldingar og våre eigne observasjonar tilseier at det var synt særs god framferd av brukarane ift. hensynet kring smittevern. Folk holdt god avstand til andre i løypene, og folk var flinke til å spreia seg utover på utsiktspunkt etc.
Så takk til alle som var på tur for omsynet det tok. Me vonar det vert slik kommande helg også, slik at me kan halda fram med å legge til rette for eit aktivt folkehelsetiltak i skiløypene.
Medan me ventar på sol og fint vêr att, her har du nokre foto frå laurdag 21. mars
( klikk på bildet for neste)