Preparering av langrennsløyper
Etter samråd med kommunelege i Sogndal, vil Sogndal Skisenter halde fram med å preparere langrenns- og turløyper, så lenge skisenteret har råd til det.
Tilbakemeldinga me har fått frå kommunehelsetenesta er at det er viktig at ein no har eit lågterskeltilbod som er tilrettelagt og trygt, jamfør smittefare og eventuell ressursbruk hjå rednings og helsetenesta.
Det er frarådd å gå toppturar ute i fjella no. Så i samråd med kommunehelsetenesta er konklusjonen at:
– Turløypa til Høgehaug er eit særs godt alternativ og eventuell redning er enkelt. Me ber alle om å halde minimum 2 meters avstand til kvarandre, og ellers følgje alle andre råd frå styresmakter og helsetenesta kring smittespreiing og smittefare. Me ynskjer ikkje ansamlingar av folk rundt Dalalåven eller andre stader. Hald avstand, og pass på hunden for dei som har. Hundar skal gå i band.
Når skitrekka er stengt går me glipp av all inntekt. Spesielt merkast det på at me har mista den desidert største og viktigaste inntektskjelda vår i sal av heiskort. Det som no skulle vore høgsesong går med reint tap kvar dag. Kostprisen for å preppe ein tur i langrennsløypa er ca. 1500,- Ein tur i fjelløypa kostar oss 3 til 4000,- avhengig av snø.Me set derfor stor pris på at de er med på å ta kostnaden som vert større for oss ved å betale den frivillige løypeavgifta kr 200,- VIPPS: #85540
Du kan sjekke kortid løypene er oppkøyrde på skisporet.no
Vask nevane dine og ha ein god tur!